Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ravnebjerget barnehage

Ravnebjerget barnehage er ein av fire barnehagar ved Haukeland universitetsjukehus og ligg flott plassert i Haukelandsbakken med utsikt over heile byen. Barnehagen har plass til vel 70 barn i alderen 1-6 år. Barna er fordelt på fem avdelingar: Lyderhorn, Fløyen, Rundemanen, Løvstakken og Ulriken.

Vår visjon: Ein grunnmur for livet

Me ønskjer å gi barna tryggleik i eiga verdi, byggje eit positivt sjølvbilete og styrkje den sosiale kompetansen deira. Målet er å ruste dei til å møte livets små og store utfordringar med meistring og sjølvtillit.

Fokusområde 2025–2026: Leik og leikemiljø

Leik er barnas viktigaste aktivitet i barnehagen. Gjennom leiken utviklar barna seg, knyter vennskap og utforskar verda rundt seg. Me legg til rette for eit stimulerande miljø som fremjar lysta til å leike, lære og meistre.

Leiken har ein sentral plass hos oss, og eigenverdien til leiken vert anerkjend. Me er opptekne av barnas interesser og engasjement, og utformar det fysiske leikemiljøet slik at det støttar ei allsidig utvikling i barnegruppa.

Eit godt leikemiljø bidreg til inkludering, førebyggjer mobbing og gir barna verdifulle opplevingar. Personalet deltek i leiken både som leikepartnarar og observatørar, og lyttar til barnas innspel – både verbalt og nonverbalt.

Ravnebjerget årsplan.pdf

Kontakt

Styrar - telefon

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Ravnebjerget barnehage Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Opningstida er måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.45. Jul- og nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

Planleggingsdager 2025 - 2026:
  • Mandag 8. september 2025
  • Fredag 7. november 2025
  • Fredag 30. januar 2026
  • Fredag 20. mars 2026
  • Fredag 15. mai 2026
 

Haukelandsbakken 42

Haukelandsbakken 42

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no