Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To barn sitter foran lekeapparat ved side av epletre. Foto

Hunstad barnehage

Hunstad barnehage er ein av sjukehusets fire barnehagar, og har plass til vel 45 barn i alderen 1-6 år. Barna er fordelt på to avdelingar: Ulriken og Løvstakken.

I Hunstad barnehage legg vi til rette for eit inkluderande og stimulerande miljø der barna får utvikle seg i trygge og gode omgjevnader. Prosjekt og aktivitetar blir tilpassa barnas alder, interesser og modning. Dette gir rom for både individuell utvikling og fellesskap på tvers av alder. 

Vi jobbar aktivt for at alle barn skal oppleve trygge relasjonar og eit godt psykososialt miljø. Dei viktigaste måla våre i kvardagen er å førebygge utryggleik og fremje helse, trivsel, leik og læring. Gjennom leik, samtalar og observasjonar sikrar vi at barna har det trygt og godt og at dei kjenner seg sett, høyrt og verdsett.

I Hunstad barnehage utvikler barna seg i eit miljø som fremjar trivsel, helse og livsmeistring – kvar dag.

Opningstida er måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.45.

Jul- og nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

Planleggingsdager 2026 - 2027:
  • Mandag 7. september 2026
  • Fredag 6. november 2026
  • Fredag 29. januar 2027
  • Fredag 19. mars 2027
  • Fredag 7. mai 2027

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Drift/teknisk divisjon

Hunstad barnehage

Postboks 1400

5021 Bergen

Slik finn du fram

Jonas Lies vei 59

Jonas Lies vei 59

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no