Reviderer forskings- og innovasjonsstrategien

Vurderer klinikk for idéar 

Haukeland universitetssjukehus er i desse dagar i gang med å revidere forskings- og innovasjonsstrategien. Kva skal vere dei viktigaste tiltaka for å løfte forsking og innovasjon ved sjukehuset dei neste fire åra?
 
I løpet av september vil Helse Bergen HF vedta sin nye forskings- og innovasjonsstrategi.

I den samanheng er vi interessert i alle gode innspel til kva slags tiltak Helse Bergen HF skal satse på for å gjere forskings- og innovasjonsaktiviteten betre.

Skal vi innføre medical writers? Kva slags sentrale satsingar skal vi gjennomføre dei neste 4 åra? Korleis gjer vi forskingsstøttearbeidet betre, og kva slags infrastruktur er naudsynt for å styrke innovasjonsaktiviteten? Skal vi innføre Idèpoliklinikk etter eksempel frå Oslo Universitetssjukehus? 

Les meir informasjon om klinikk for idéar.

Innspel kan bli sendt til sekretær for strategigruppa, Gro Anita Fonnes Flaten.

Publisert 13.06.2012 10:50 | Endret 20.06.2012 12:35 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo