Det seier litt om behovet for spesialistutdanninga «Master of Medicine in Radiology» som vart oppretta ved universitetssjukehuset MUHAS i Dar es Salaam i 2007. Kull 1 og 2 er alt ferdig utdanna og er i fullt arbeid på sjukehus i Tanzania. Tre av dei er også tilsett ved universitetet for å hjelpe til med utdanninga av seinare kull. I juli er dei fire kandidatane i kull tre ferdige.
Dei to siste legane i kullet, Tanmoy Mandal og Zainab Y. Fidaali er i ferd med å avslutte ei to månader lang hospitering ved Haukeland universitetssjukehus i desse dagar. Foto: Øyvind Blom
Skilnaden på radiologiske avdelingar i dei to landa er store.
- Ein av dei største forskjellane er nettopp talet på radiologar, og det at her er dei fleste radiologane spesialistar på kvar sine felt. I Tanzania må vi kunne litt om alt. I tillegg er sjølvsagt utstyret her eit heilt anna, seier dr. Zainab Y. Fidaali.
Såg behovet for utdanning
Det same såg Marit Bolstad og ektemannen Markus Hordvik, begge radiologar, då dei reiste til Tanzania i regi av Det Norske Fredskorpset i 2006.
- Det var om lag 16 radiologar og omlag 5 CT maskiner i heile landet. Tanzania mangla mange spesialistar, men behovet var ekstra stort innan vårt fag, seier ho.
Tanken var at dei to, i samarbeid med Radiologisk avdeling på Haukeland og dei radiologiske avdelingane ved MUHAS og kreftsjukehuset i Dar es Salaam, skulle gjere noko for å styrkje radiologien i landet .
- Alt før vi reiste hadde vi gjort oss nokre tankar om at det beste vi kunne gjere, var å bidra til å få i gang ei spesialistutdanning i radiologi. Den tanken vart så absolutt styrka då vi kom ned dit, fortel Bolstad.
Hjelp til sjølvhjelp
I løpet av fredskorpsåret var Bolstad og Hordvik med på å leggje planar for ei treårig spesialistutdanning i radiologi, saman med den einaste universitetstilsette radiologen i Tanzania. Haukeland skulle bidra med både lærekrefter og praksisplassar. Første kullet starta i 2007.
Kull 2 og 3 utanfor undervisningsbygget i Dar es Salaam, saman med Markus Hordvik.
Foto: privat
I tillegg til Bolstad og Hordvik har fire andre radiologar frå HUS bidratt med ulike kurs i Tanzania desse fem åra. Avdelingsleiinga har lagt til rette for permisjonar, og dei tanzanianske kandidatane har fått tilgang til hospitering på Radiologisk avdeling.
Samarbeidet har vorte administrert av Avdeling for internasjonalt samarbeid. Det siste kullet med støtte frå NOMA er ferdige i 2013.
- Etter 2013 er utdanninga fullt ut driven av universitetssjukehuset MUHAS i Dar es Salaam, fortel Bolstad.
God kommunikasjon
For Dr. Zainab Y. Fidaali og Dr. Tanmoy Mandal har opphaldet på Radiologisk avdeling vore lærerikt på mange måtar, ikkje berre reint fagleg.
- Eg ønskjer også å føre vidare den gode kommunikasjonen mellom radiologar og klinikarar, seier Fidaali.
Ho nemner morgondemonstrasjonen som eksempel.
- Sjølv om det er mange pasientar, blir kvar pasient sine bilete vist og forklart for behandlarane som skal jobbe vidare med pasienten. Denne kommunikasjonen er det lite av ved sjukehusa i Tanzania, og det ønskjer vi å endre. Fidaali trur òg at radiologane på Haukeland har noko å lære av Tanzania, for eksempel når det gjeld talet på undersøkingar.
Marit Bolstad og ektemannen Markus Hordvik har vist spesialistkandidatane fleire sider av Bergen enn innsida av Haukeland. Her på Fløyen. Foto: privat
- Her kan det vere veldig mange kontrollar av ein og same pasient. Kanskje er det ikkje nødvendig med så mange undersøkingar, undrast ho, noko Bolstad kan vere einig i.
Bolstad understrekar samtidig at dei norske radiologane som underviser i Tanzania, også lærer mykje av å vere der.
- Ikkje minst lærer vi at vi må slutte å klage. Om vi samanliknar, ser vi at vi eigentleg har det veldig bra her.
Publisert
15.06.2012 10:45 |
Endret
15.06.2012 12:20