Sommarvikarane

På pause frå Sverige 

Anna-Karin Waenerlund har tatt seg ein pause frå livet som intensivvårdssjukskøterska i Göteborg og jaktar på nye impulsar hos Brannskadeavsnittet på Haukeland.
Av Anette Hellstrøm
 

[alternativ tekst]
Ein glad laks: Det er berre nokre minutt att før Anna-Karin skal på nattevakt.

– I januar tok eg avgjerda om å forlate Nevrointensivavdelinga på Sahlgrenska Universitetssjukhuset. Eg har jobba som sjukepleiar sidan 1985, og hadde lyst til å reise ut for å bli inspirert. No som ungane mine er vaksne har eg nytta sjansen til det, seier Anna-Karin.

Ho er tydeleg på kvifor ho valte å emigrere til nabolandet;

– Sjukepleiarane her ligg langt framme på sitt felt, så då kan eg utvikle meg og få utbytte av kunnskapen dei sit på.

Tredje Noregsstopp
Haukeland er ikkje den første stoppestaden hennar i Noreg. Anna-Karin har tidlegare i år jobba både på Ullevål og Ahus før ho byrja som sommarvikar på Brannskaden.

– Det er veldig hyggeleg å jobbe her. Kollegaene på avdelinga har tatt vel imot meg, og eg trivst godt. Det einaste eg kan klage på er at det er mykje regn samstundes som det er strålande sol heime i Sverige. Men eg trøyster meg med jobben, og tenkjer at det er flaks at eg har fått jobba mykje, ler Anna-Karin.

Nattdjur
På klingande svensk omtalar ho seg sjølv som eit nattdjur (nattdyr), noko som går hand i hanske med å jobbe nattevaktar i femte etasje på Sentralblokka.

– Eg ønskjer å jobbe så mykje som muleg når eg er her, og har planar om å vere i Noreg ei god stund til.

Til tross for at sjukehuset er nærmaste nabo til Brann stadion, har ho ikkje tenkt seg dit med det første.

– Eg er lite interessert i fotball, men liker godt å gå tur i fjellet - så sånn sett er Bergen perfekt. Eg har allereie nådd toppen på Fløyen og Ulriken, og tar gjerne fleire turar i lag med både svenske og norske kollegaer.


Publisert 30.07.2010 13:30 | Endret 18.08.2010 15:12 

 Publisert av eining

 Les meir om

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo