TERMA-modellen:

Første kull med instruktørar på plass 

Ifølgje SINTEF er det for høg bruk av tvang i norsk psykiatri. Innføringa av TERMA-modellen skal redusere graden av makt og tvang i Psykiatrisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus til eit minimum.
Av Anette Hellstrøm, Haukeland universitetssjukehus
 


Ein glad gjeng: 18 instruktørar frå ulike delar av psykiatrien er klare for å bringe TERMA-modellen ut i live. Bjørn Petter Hanssen er nr. 1 i frå høgre, og makkar Geir J. Olsen står rett bak.

– Skal vi kikke litt på 3-2 også? Her er det viktig at ein søker beina, slik at pasienten trygt kan førast ned i sideleie, forklarar gruppeleiar ved Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels-, og rettspsykiatri Bjørn Petter Hanssen.

Samlar seg på tvers
For aller første gong er 15 ulike seksjonar frå Haukeland samla på Psykiatrisk klinikk for å auke bevisstheita rundt eiga rolle i situasjonar som utviklar seg i aggressiv retning. Personale frå Alderspsykiatri, Barne- og ungdomspsykiatri, Lokal sikkerheit og beredskap og Kronstad Distriktspsykiatriske Senter (DPS) er nokre av deltakarane på det første kullet.

Opplæringa, som går over 11 dagar, tar sikte på at kvar enkelt institusjon skal bli i stand til å ivareta behovet for slike type kurs og internundervisning utan å måtte leige inn eksterne aktørar.

– Det har vore både spennande og lærerikt å møte kollegaer frå andre fagområde. Vi har utveksla erfaringar og tar med oss tilbake fokus på ulike handlingsalternativ som vi kan bruke før, under og etter ein aggressiv episode, seier miljøterapeut ved Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge Tone Lauritzen.

Betre rusta til å møte aggresjon
– TERMA består av både teoretisk og praktisk kunnskap som kan gjere arbeidstakarar betre rusta til å møte aggresjon og truande åtferd frå pasientane. Opplæringa gir personalet mentale modellar å arbeide ut ifrå når aggressive episodar oppstår. Dette reduserer risiko for skade på pasient og personale, forklarar Hanssen.

Han er ei av eldsjelene frå Kompetansesenteret som står bak utviklinga av modellen. Programmet har sidan 2005 vore grundig utprøvd i samarbeid med psykiatri i Stockholm Läns Sjukvårdsområde, der det er tatt i bruk på alle typar avdelingar.

– TERMA er så langt tatt i bruk i eit opptaksområde med over tre millionar menneske. Nærmare 200 instruktørar er utdanna i det som blir kalla ”Bergensmodellen” i Sverige. Foreløpige resultat viser ein klar reduksjon og endring i tvangsbruk. Det har lenge vore vår store draum å få ta i bruk modellen i Bergen, så det er ein lykkedag for oss å kunne gi ut deltakarbevis til første kullet med instruktørar, legg kollega og spesialrådgivar Geir J. Olsen til.

Riktig bruk av tvang
Det er ikkje tilfeldig at det er direktør for Psykiatrisk divisjon, Hans Olav Instefjord, som kjem for å dele ut deltakarbevis til den spente gjengen.

– Dette er ei ikkje så reint lita storhending. For oss vil det stå to hovudsaker på dagsorden i 2011, riktig bruk av tvang og auka fokus på pasientsikkerheit. Sånn sett er denne samlinga veldig i forkant. Endeleg kan vi seie at Bergensmodellen er vendt tilbake til byen, og med det samlar divisjonen seg på tvers. Eg er takknemleg for at de har påtatt dykk rollene som instruktørar. Den viktige oppgåva no er å bringe dette ut i divisjonen, seier Instefjord før han ønskjer lykke til.


Publisert 24.01.2011 13:50 | Endret 22.02.2011 09:14 

 Publisert av eining

 Føremålet med TERMA er å:

1. tilføre kompetanse om korleis miljøpersonalet kan møte, handtere og forstå aggresjon

2. lære opp instruktørar som kan undervise kollegaer i teori og instruere i fysiske teknikkar

3. utarbeide felles undervisningsmateriell som kvalitetssikrar undervisning og fysiske teknikkar

4. sikre at avdelingar årleg vurderer behov for TERMA-undervising kommande år

5. sikre at de avdelingar som har behov for undervisning og kurs enkelt kan bestille dette

6. evaluere effekt av slike kompetansehevande tiltak
 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo