Porfyrikurs for pasientar og pårørande - 7.-8. november 2013 

 
 

Kurset er for personar med dei akutte porfyriene akutt intermitterende porfyri (AIP), hereditær coproporfyri (HCP) og porphyria variegata (PV).

Målsetting

  • Kunnskap skal auke tryggleik og meistring i kvardagen
  • Høve til dialog med ulike fagpersonar
  • Møte andre i same situasjon

Max 120  deltakarar.  

Tid 2013
7. - 8. november 2013

Påmeldingsfrist
06.09.2013  

Stad
Thon Hotel Bergen Airport, Bergen

Pris
Sjølve kurset er gratis.
 
Helseforetaket du tilhøyrer dekker reise etter reiseregning, men du må betale ein egenandel for reisa på kr. 133 kvar veg.

Overnatting må deltakarane bestille og legge ut for sjølve. NAPOS har en avtale med konferansehotellet på kr. 550 for for natta mellom konferansedagane. Helseforetaket du tilhøyrer skal dekke kr. 350 per overnatting etter reiseregning dersom du bor så langt borte fra helseforetaktet at du har krav på dekning av reise.

Dei som ikkje overnattar må betale kr. 250 i kostpengar.

Påmelding
Invitasjon vil bli sendt ut i august til alle med diagnosene AIP, HCP og PV som er registrert ved NAPOS. Påmeldingsskjema må fyllast ut og returnerast til NAPOS.

Personar med HCP og PV fra Sverige og Danmark og deira pårørande er også velkomne på kurs. For desse gjeld andre påmeldings- og overnattingsprisar.

Kurset er utvikla av Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer NAPOS i samarbeid med Norsk porfyriforening (NPF) 


Publisert 14.03.2011 13:35 | Endret 22.04.2013 08:59 
Tidspunkt

Startdato: 07.11.2013 11:00 
Sluttdato: 08.11.2013 15:00 

 Arrangert av


 Lenke til NAPOS sine nettsider

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo