Cøliaki - Vaksne - 19.-20. mars 2013 

 
 
Kurset er for personar som nylig har fått diagnosen cøliaki og deira pårørande, men også for deg som har levd med diagnosen ein stund og trenger oppdatering.

Målsetting
Deltakarane skal
- Ha informasjon om sjukdommen
- Meistre livet med diagnosen betre
- Ha kunnskap om glutenfrie produktar
- Få demonstrert glutenfri bakst og smake
- Få møte og utveksle erfaringar med andre i same situasjon

Tid 2013
Tysdag 19. og onsdag 20. mars
Begge dagar kl. 09 - 15

Påmeldingsfrist ein uke før kursstart 

Stad 
Lærings- og meistringssenteret i Bergen,
       Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2
       (v/innkjørsel til Haraldsplass sykehus)  

Pris
Kr. 307,-  kan skrives i eigendelskortet til pasienten. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj inkludert.

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld og om du har frikort.

Påmelding 
Du må ha tilvisning frå eigen lege  i tillegg til påmelding på e-post opplaering@helse-bergen.no eller tlf.55973013 for å delta på kurset. 
Vennligst meld frå om pårørande også deltar og om spesielle behov.
Meld frå til fastlegen ved behov for sjukemelding. Pårørande treng ikkje eigen tilvisning.

Tilvisninga sendes til: Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Bergen, Ulriksdal 2, 5009 Bergen. Merk konvolutten  "Cøliakikurs".

Maks 18 deltakar pr. kurs.

 

Læringsmetodar: foredrag; matlaging; erfaringsutveksling; dialog med fagfolk  

Arrangørar
Kurset er arrangert av Medisinsk avdeling og Norsk Cøliakiforening, Hordaland i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Bergen.

Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no:
• Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser
• Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar
• Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte

Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser.
Ta vare på kvitteringar.

Program

Dag 1 kl. 09.00 – 15.00

09.00 – 09.30 Velkommen. Presentasjon av program og kursdeltakarane
09.30 – 09.50 Brukarerfaring: Å leve med cøliaki
09.50 – 10.00 Pause
10.00 – 11.15 Cøliaki hos vaksne ved lege frå Helse-Bergen
11.15 – 11.30 Pause
11.30 - 12.15  Cøliaki hos voksne ved lege fra Helse-Bergen  
12.15 – 13.15 Lunsj
13.15 – 14.00 Matnyttig ved ernæringsfysiolog fra Helse-Bergen
14.00 – 14.15 Pause
14.15 – 15.00 Refleksjon, spørsmål og avslutning for dagen.

Dag 2 kl. 09.00 – 15.00

09.00 - 12.00 Velkommen og praktisk demonstrasjon av glutenfri bakst ved NCF Hordaland
12.00 – 12.45 Felles pause med fersk bakst!
12.45 – 13.30 Erfaringsutveksling, spørsmål og refleksjon
13.30 - 13.45 Pause
13.45 – 14.30 Hvordan mestre livet med cøliaki, ved psykiater
14.30 – 15.00 Evaluering, oppsummering og avslutning

Med atterhald om nok påmeldte og endringer i kursprogrammet.


Publisert 05.06.2010 23:13 | Endret 25.03.2013 13:14 
Tidspunkt

Startdato: 19.03.2013 09:00 
Sluttdato: 20.03.2013 15:00 

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo