Vernetenesta
Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som angår arbeidsmiljøet.
I samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og leiarar skal vernetenesta i helseføretaket bidra til at helse, miljø og sikkerhet skal vera ein sjølvsagt del av arbeidsdagen.
Føretakshovudverneombod
Helse Bergen har eit føretakshovudverneombod (FHVO) og eit vara føretakshovudverneombod, og begge er frikjøpt i 100 prosent stilling.
Føretakshovudverneombodet har det koordinerande ansvaret for vernetenesta. Kvar klinikk eller divisjon ved føretaket har sitt eige hovudverneombod (HVO), til saman 26, som har koordineringsansvar i sitt område.
Dei vel 300 verneomboda i Helse Bergen har ansvar for sine verneområde som er definert i dei ulike klinikkane / divisjonane. Verneombodet skal takast med på råd under planlegging og gjennomføring av tiltak som har noko å seie for arbeidsmiljøet innanfor ombodets verneområde.
Oppgåvene til verneomboda er omtalt i Arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter og i føretaket si HMS-handbok.
Arbeidsmiljøloven - § 6-2. Verneombodets oppgåver
Føretakshovudverneomboda:
Ingunn Toft
Mobil 45 43 12 18
Birger Bjørnstad Grotli (vara)
Mobil: 98 48 86 39