Utanlandsbehandling
Ein pasient kan etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-4a, 2. ledd ha rett til å få dekt behandling i utlandet dersom: 1. pasienten har rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta og 2. det ikkje finst eit tilbod i Noreg eller helsehjelpa i utlandet er dokumentert meir verknadsfull enn det som vert tilbydd av det offentlege i Noreg.
Dette betyr at eksperimentell eller utprøvande behandling som hovudregel ikkje vert dekt.
Lang ventetid gir heller ikkje rett til behandling i utlandet etter denne ordninga.
Legemiddel / metodar som er beslutta ikkje innførd i Noreg, vert ikkje godkjent, jf spesialisthelsetjenesteloven § 4-4.
Sist oppdatert 26.06.2024