Tolk
God kommunikasjon og gjensidig forståing er grunnleggande i møtet mellom pasient og helsepersonell. Lik tilgang til helse- og omsorgstenester av god kvalitet er i mange tilfelle avhengig av at informasjon og kommunikasjon er lagt til rette for ved hjelp av tolking.
Som pasient skal du ha informasjon om eigen helsetilstand og behandling på eit språk du forstår. Dersom du har avgrensa norskkunnskapar, eller du snakkar samisk, er døv, hørselshemma eller døvblind, kan du ha behov for tolk.
Du kan og ha rett til tolk sjølv om du snakkar norsk til dagleg. Dette gjeld særleg ved alvorlege og kroniske sjukdommar, og ved samtale om psykiske lidingar.
Det er helsetenesta som har ansvar for å vurdere behovet for tolking og bestille kvalifisert tolk. Dersom du har behov for tolk, kan du kontakte avdelinga der du har time. Du finn kontaktinformasjon i innkallingsbrevet ditt.
Pasientar og tolking
For å få mest mogleg ut av ein tolka samtale, kan det vere nyttig å førebue seg:
- Fortel helsetenesta kva for eit språk du snakkar
- Om fleire familiemedlem skal vere med på konsultasjonen, bør ein ha ein tolk som alle i familien kan forstå
- Møt opp til avtalt tid
- Planlegg kva du ønskar å ta opp i helsekonsultasjonen
- Bruk korte setningar og ikkje si så mykje om gongen, då blir det lettare for tolken å tolke det som blir sagt på ein korrekt måte