Gåver og donasjonar
Haukeland universitetssjukehus mottar gåver og donasjoner frå privatpersoner, foreninger og andre.
Haukeland universitetssjukehus er svært takksame for dei små og store gåvene som blir gitt. Dei har gjort det mogeleg med alt frå å investere i ny teknologi og nybygg til å gi enkeltpersonar etterlengta opplevingar og pauser frå langvarig behandling.
Pasientar, pårørande og tilsette har fått nytte av gåvene som bidrar både til betre behandling og ei enklare kvardag.
Trofaste støttespelarar er Trond Mohn, GC Rieber Fondene, Grieg Foundation og Haukelands Venner saman med enkeltbedrifter og privatpersonar.
Ønskjer du å gi ei gåve?
Dersom du ønsker å gi ei gåve kan du ta direkte kontakt med ei enkelt avdeling eller med Kommunikasjonsavdelinga.
Gåver til ei avdeling
Enkelte avdelingar har eigen informasjon om korleis ein kan gå fram dersom ein ønsker å gje ei gåva. Her kan du finne meir informasjon om desse.